onsdag 2. februar 2011

Minien på Bavaria-sjukehus

I omlag ein månad har det lyst mot meg at bilen ynskjer ein oljeservice-kontroll. I tillegg hadde eg ikkje meir olje att i flaska baki bilen, og det er ein som vert litt irritert om eg ikkje har det i bilen når oljen vert sjekka. Men når då det også hyler kvar gong bremsene vert brukt, tenkte eg at det kanskje var på tide å gjere noko med spetakkelet.



Som tenkt, så gjort. Så eg reiste til Bavaria for å bestille time til oljeskift, og kjøpte ei flaske olje. Som kosta 295,- for ein liter. Og med det same fortalte eg om hyla, og ba dei setje opp tid til å fikse det også. Men mekanikaren som var meg og skulle finne ut kva problemet var, ville ikkje sende meg heim att med bilen. Kall det kva du vil, men eg håpar han gjorde det av omsorg. Ikkje overraskande var taxisjåføren av det morosame slaget: "Do ikke må levere bilen til Bavaria, do spara masse penga på en annan verksted" sa taxi-sjåføren. Neitakk, eg vil ha det på plass snarast og med dei rette delene, av dei som kan fiksa min bil.

Men dette var måndag. Og i dag er det onsdag. Kanskje eg får han att i morgon... Mekanikaren ringte meg igår, og det ville koste meg omlag 10 000,-. Ups, der fauk den overtidsjobbinga mi dei siste dagane. Skulle gjerne sett at staten dekka slike utgifter. Kva om alternativet er at eg ikkje får bremsa på motorvegen? Til gjengjeld MÅ eg gå til jobb, uansett vær. Det at eg skulle gå til jobb ein dag i veka har sklidd litt ut, kan ein sei. Men du så keisamt det er å gå åleine, og kven kan eg liksom ringa til klokka 8 på morgonen og drøsa med?

Nei, gleder meg til å få att min kjære bil etter eit opphald på Bavaria :)