tirsdag 19. april 2011

Påskeegg

For ei god stund sidan spurte sekretærdama på jobb om eg skulle vere med på påskepyntkurs. Der skulle ein mellom anna få læra å laga påskeegg. Eg var skeptisk. Men då eg såg bilete på nettsidene, bestemte eg meg for å vere med. Der laga me påskeegg omlag som dette: 

 

Eg har aldri vore begeistra for påskeegg med høner og harer og alle slags fargar. Men denne var grei. Etterkvart fekk eg fleire nye idéar, også etter at Brit sekretærdame pynta opp på jobben med egg. 

Så ein dag kom eg på noko lurt. Trur eg iallfall. Og resultatet vart dette: 




Denne sprø dama var med meg. Ho lagar blomar med perle. Slikt har ikkje eg tolmod til, så eg nøyer meg med papirblomar og slikt. Går litt fortare óg :)

Dersom du og har lyst til å lage slikt, kan du gjer fylgjande:
  1.  Kjøp eit påskeegg, anten på REMA1000 eller Nille eller noko slikt. Helst så stygt som mogleg, då kan det jo berre verta finare. 
  2. Mal eit strok (akrylmaling) på utsidene, og gjerne eit strok på innsidene også. Men pass på at du ikkje malar slik at det vil verta vanskeleg å setje på og ta av lokket. La tørke.
  3. Ha på lim (hobbylim el) og ha på silkepapir i omlag same farge som malingen, på utsidene av egget (dette kan nok sløyfast, men det har ikkje eg testa ut)
  4. Mal eitt strok til når silkepapiret (evt forrige maling) har tørka. La tørka. 
  5. Spray gjerne på med spraylakk. Og tørk.

  6. Det er no det kjekke startar!
      Pynt med blomar, bånd, hemp, sommarfuglar, eggeskal, gåsungar, bokstavar (til den som skal få det, eller din eigen), perler, fjører, ... Eg har brukt limpistol her og er svært nøgd med det.
     
  7. Det aller kjekkaste er å fylle det med SNOP! Og gi vekk :) Cellofan er fint å bruke for å "pakke" det inn inni egget, slik at det som ligg inni ikkje fell ut ;)
God påske!