søndag 25. oktober 2009

Pakker



Årets tiltakspakke frå regjeringen består mellom anna at næringslivet får utbetalt skatteverdien av underskotet i 2008 og 2009 mot overskotet dei to foregåande åra. Enkelt sagt vil det sei at dersom eit selskap (AS etc) har underskot pr 31.12.08 (og/eller 31.12.09), kan selskapet få attende deler av skatten frå 2007 eller 2006 dersom selskapet då hadde overskot.

I Kuwait, ein oljenasjon i sørvest Asia, får alle statsborgarar ettergitt gjelda på statens rekning, sjå artikkel i E24. Kan sjølvsagt diskutere om dette er noko lurt, for dette vil jo berre auke forbruket hjå dei dette gjeld, og statsborgarane vil ha vanskeleg for å lære seg å tilpasse seg økonomien elles. Men likevel - det må jo berre kome noko godt utav dette og, og etter min oppfatning vil sjølvsagt næringslivet òg merke dette. For dei som har lese makroøkonomi, er det nettopp dette makroøkonomi handlar om.




Så - er ikkje Noreg òg ein oljenasjon!?? Hadde passa fint for meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar