søndag 28. februar 2010

Oh my Curling!

For augenblinken sit eg og ser på kampen om OL-gullet i curling, som er mellom Canada og Noreg (og greit nok å bruke tida på blogginnlegg). Stillinga er akkurat no 3-2 til Canada, etter 6 runder. Hadde vore fantastisk om Noreg tok dei att, men eg må sei. Å kome i gull-kampen med verdas beste land i curling, er vel stas nok det :)



Meg og Lise, ei kollega, snakka om desse buksene. Og ho hadde store planar om å kle heile familien med desse buksene. Eg og er klar for buksa! Men på nettsidene, http://estore.websitepros.com/, har dei ikkje berre bukser, men også skjørt, slips, kortbukser, og mykje anna. Fytti så enormt mykje fine klede!

Gler meg til kleda er å finne i butikkane. Og drøyer det til det skjer, kan ein alltids bestille på nettsida :)

1 kommentar: