søndag 18. oktober 2009

Madonna-gåten


Då har eg lese gjennom boka Madonna-gåten av Nærum m.fl. for andre gong. Fantastisk bok! Forfattarane må ha hatt det morsomt då dei skreiv boka. Og ho er så ironisk at sjølv eg oppfattar det som ironi og tull...

For dei som ikkje veit kva boka går ut på, er det ein parodi på Da Vinci-koden. Berre at Madonna-gåten har handling som føregår i Oslo, Berlin og Trondheim. Bokas hovudperson er Renate, og det er ho det handlar om (jaja, eller me treng vel ikkje ta detaljane så nøye her og no). Ho har mista broren, foreldra og bestemor i ei gardintrappulukke, og det er nettopp foranledningen til dette som er den "raude tråden" i boka. Det er få bøker eg har ledd så mykje med, som denne! Sitat kjem frå vilden sky, og eg mange høyrer eigentleg ikkje til i det heile. Men det er nettopp desse detaljane som gjer boka til det ho er. Nokon av sitata:

Frå side 142:
"Stopp en hal", ropte Renate
"En hal?" gjentok Lamsen.
"Heter det ikke en halv?" undret banksjefen.
"Nei, det er en hal."
Banksjefen gren på nesen. "Hva er en hal?"
"Det er et maritimt uttrykk, direkte oversatt fra det engelske stop and haul, altså slutt å dra."
Det var Lamsens tur til å være imponert.

Frå side 279: Lamsen fortel at han ikkje har vore lenger nord enn Grorud i Oslo.
Renate trodde ikke sine egne ører. "Mener du at du ikke har vært på Gjøvik?"
"Nei, men søskenbarnet mitt har vært der."
"Mener du virkelig at du aldri har kjørt i 110 oppover Gudbransdalen?"


Har du ikkje lese boka, og kunne deg ei morosam bok, anbefalar eg denne!

3 kommentarer:

  1. Å, eg e meget begeistra for denne boka! Då eg skulle pakke til Kenya hadde eg ikkje håve heilt med meg, så det va den einast bokå eg tok med meg... Du kan sei at eg leste den ein del ganger, men u va liga god kver gang! :)

    SvarSlett
  2. Vel, bokå e liten og lett, så d va vel d som gjorde at du tok m den..? Håpe du ikkje teke m den boka på fleire internasjonale tura;-)

    SvarSlett