fredag 31. desember 2010

Årets gode gjerning!

Idag har eg endeleg fått tid til å rydda i dei to koffertane på rommet mitt som var fyllt med klede. Kleda er samla frå to-tre skåp/kommoder, og var ein fin blanding av kvardagsklede, kvardagsklede og litt anna. I klesvegen er eg ganske så nøytral, så kleda mine er nokså keisame. Og dei som stakk ut, er litt spesielle, og heller gått ut på datoen for min del. Men torsdag i romjula 2010 var altså den store dagen, då eg skulle rydde i denne haugen.

Ettersom eg tykkjer det er fint å ha eit lite lager med klede heime på Vikeså, valgte eg å behalde eit par plagg i kommoden på rommet. Men det aller meste gjekk til Fretex. Nesten to sekker vart det. Og då gjekk eg samstundes gjennom kjoleskåpet og ein del av skoa mine.

Men så kom eg til denne her.. Ikkje kan eg gi han til Fretex, og ikkje kan eg godt bruke den som ei t-skjorte om sommaren. Så den fer vel i søppelet :)

Faktisk var det ganske greit å få renska opp i dette. Det har jo rett og slett berre teke opp plass! Og så kan nokon kjøpa kleda mine i ein av Fretex-butikkane, og så har me gang på økonomien! :)

2 kommentarer:

  1. Flott du helle gang på den norske økonomien, Birgitte! :)

    SvarSlett
  2. Hehe, ja, ikkje sant :) Du kan holda i gang økonomien i India.

    SvarSlett