tirsdag 7. desember 2010

Julestemning i heimen

Eg er så heldig at eg har fått ein julekalender i år! Av tanteungane mine :) 


Julekalenderen min og adventslysa 2010

Eg måtte ha dei små pakkane i ei skål. Så det vart ein del av juledekorasjonen min på stovebordet. Må innrømme at eg ikkje er så veldig kreativ, så det vart litt enkelt i år (også).

Kan hende ungane har fått litt hjelp av sine snille mødre.. Sjølv for den beste seksåringen kan det verta litt vanskeleg å få pakka inn små pakkar, for ikkje å snakka om eitt-åringane. Men, innhaldet, det har til no vore litt scrappeting (gleder meg til å bruke alt scrappeutstyret saman med svigerinne Eva), teikningar og nabbyperlepynt, og ikkje minst dei små lappane frå Helge med ulike, herlege beskjeder som "Du er en reser på sykkel", og "du er snill"... Å, sånt smeltar tante sitt hjarte! Dette har eg hengt opp over senga.


Kva er vel betre enn å vakna til små, opmuntrande helsingar?


Den første lappen frå Helge sat eg på stranda i Tenerife og las... Kan trygt sei at eg lo av hjerta då!

"Sidan sist" har eg vore på kreativitetskurs på ein låve på Madla. Der fekk me mykje inspirasjon i samband med pynting til jul, både borddekking og til å lage stemning elles i huset, og for å lage hjerta av bjørkegreiner. Mitt hjerta har eg hengt på døra. Litt voldsomt kanskje, men så er det jo berre ein gong i året me pyntar på døra :)


Døra pynta til jul 
Og kva er vel meir naturleg å høyre på julemusikk? Etter ei veke med jamnt over 20 grade i regn og sol på Tenerife, byrjer snart julestemningen å nå meg også :)

1 kommentar: