søndag 16. mai 2010

Bytur i storbyen

Ein treng ikkje reisa langt for å oppleva storbyen. Stavanger er stort nok, og ein torsdag tok meg og Marianne turen frå henholdsvis Sandnes og Jørpeland til Stavanger for å oppleva ting som me ikkje har tilgang til i våre litt mindre "storbyar". Høghus, i form av blokker og diverse, har kome til Sandnes, men byutviklarane frå Jørpeland som var i New York på studiereise, har vel enno litt å arbeide med.
Me starta på Naree Thai ved Oljemuseet. Digg. Her har eg gått altfor lite!
Kleda på Monky i det nye kjøpesenteret Mediagården minna svært mykje om 80-talet. Her vart eg svimmel av å vere i prøveromet, det var speglar overalt, bortsett frå gulvet og døra.
 
Moods of Norway har kome til byen! Verkeleg på tide :) Sjølv om dei som står bak verkar litt sære i form av kledeval og fargar, så er det jo berre bra med litt fargeklattar mellom oss. Ingen andre butikkar eg har vore i, har eg kjent meg så heime! Og at dei har fått inn ein gråtass i gull i Klubbgata midt i tjukkaste Stavanger står det respekt av (sjå bilete forrige innlegg). Eg skal ha ein gråtass i hagen min når eg eh.. vert rik nok til å få meg ein hage.

Og så kom Mona Elin, og plutseleg hadde me Våland-reunion. Kjolane i den fargerike gata i Østervåg-området er svært fine, men prisane litt stive... 
Eit besøk på Sjokoladepikene er kun kos. Her er atmosfæren på topp, med dempa belysning, puter i sofaen og sjokolade og kaffilukt...
Av og til er det greit at me ikkje har ungar sjølv som me bruker formue på på å handla klede på Harry Camping. Og det er òg ein fordel for sparekontoen at butikken er stengd når me går forbi.
Her ved Tau-ferja har me hatt mange farvel med Marianne etter å ha møttes i Stavanger.
Og til slutt er meg og Mona Elin på veg til bilen og heim etter ein skikkeleg avslappa handletur i byen.

fredag 7. mai 2010

Simon!

At d va 15 måna si me såg kvarandre sist, prega vel ikkje akkurat gjensynet på nogen dårlige måte. Litt smalltalk, og så va dei saftige klemmane på plass. Herligt.


Og så stille an opp 3 Mini Coopers og 4-5 traktora på kjykkenborde rett framfor tante. 


Ingen tvil om at skjønnassen Simon he skjønt d m type kjøretøy. Særligt når han i løpet av sine 23 måna he budd 20 måna i Canada og Afrika, der d ikkje akkurat florere av Minia og gråtassa...