torsdag 7. oktober 2010

Ei solskinshistorie :)

I dag då eg kom heim frå arbeid tenkte eg at no skal eg setja meg i sola og lesa bok. Dei siste dagane har det vore satt nedbørsrekord i fleng, og det har vore tala om femårsflaum og slikt. Men før eg kunne nyte sola, måtte eg berre ete middag og lesa avisa. Og sjekka mailen. Og henge opp klede til tørk. Og legga i hop tøyet som var tørt. Og sette på nye klede til vask. Og bake kjeks som eg sa eg skulle gjer til jobben i morgon. Og søppelet må tømast. Og kjøkenbenken må ryddast. Og no kan eg endeleg setja meg i sola og lesa den eine boka eg held på med for tida, Hodejegerne av Jo Nesbø. Det er berre eit problem, nemleg at sola gjekk visst ned i vest.... Så no er det for mørkt til å sitje ute og nyte dei flotte solstrålene.

"Prioritering", vil du nok sei. Det same seier eg. Men kvifor utsetje det du kan gjer no, har eg høyrt. Men eg veit det vert fleire solskinsdagar, og helga skal visst verta bra! Og skal eg fortelja deg ein løyndom (hemmelighet), så har eg faktisk over 30 dagar som eg kan avspasere. Det er ikkje stort høve å ta ut avspaseringsdagar på våren, så det vil i teorien sei at eg kan ta meg fri 2-3 dagar per veke fram til jul. Det skal eg utnytte! Treng du selskap ein dag, forresten?

Nedanfor vil eg dele med dykk, trufaste lesarar, baksten min i kveld, nemleg Emilies kjeks med tranebær og rosiner (oppskriften står på det første biletet):