fredag 1. mars 2013

Sorry.....

Sorry for at bloggen er svært, svært lite oppdatert!
Eg har for lenge sidan fortsatt med tantebirgitte sine delingar av livets store og små høgdepunkt på Instragram. Som tantebirgitte, så følg meg gjerne der. Beklager at det ikkje har kome fram skikkeleg her tidlegare :)

søndag 26. februar 2012

Oreo-dessert

Oreo-kaka er ei fantastisk kake. Dryg, mektig og god. Eg har vel laga den kaka omtrent go gonger og funnet ut at dette er ikkje ei kake for meg å lage då det krevst mange boller og visper og ikkje minst omganger. 
Difor fann eg ein gong ut at ein enklare variant av Oreo-kake var tingen for meg. Dette er ei blanding av noko eg har smakt før og noko eg fann på verdensveven, så det er nok ikkje noko eg kan skryte på meg å ha kome på sjøl.. Har du lyst å prøve deg på ein enklare variant av Oreo-kaka, kan du jo prøve deg på denne. 


Dette treng du, nok til ca 4 personer: 
-1 pk Oreo-kjeks (ein "rull")
-1 pk Freia sjokolademousse (evt med daim) og med tilhøyrande mjølk og fløyte
-1/2 pk kremost naturell - romtererert
-litt melis, kanskje 1,5-2 dl
-1 ts vaniljesukker


PS: Bileta viser desserten med dobbel oppskrift! Skåla er 24 cm (Rosendahl)


1. Ta ca 2/3 av Oreo-kjeksen og del i to, og legg dette i bunnen av skåla og litt oppetter kanten.
2. Lag sjokolademoussen etter anvisning på pakken, fyldig type. Ha denne oppå kjeksen i skåla og sett skåla kaldt. 


3. Ta resten av Oreo-kjeksen og skjer opp i grove bitar. Ha halvparten over sjokolademoussen. 
4. Kremosten, melis og vaniljesukker vispes lett, gjerne med ein gaffel. Ha dette over kjeksen i skåla og fordel "jevnt". Deretter har du på resten av Oreo-kjeksen, og desserten er klar til servering når moussen har blitt stiv. 

Bon appetitt :)

Eg har ikkje prøvd det sjølv, men er sikker på at det fungerer vel så bra å ha det i porsjonsskåler eller noko liknande. Sjokolademoussen kan nok ein også byta ut med akkurat din favoritt, eg har brukt min favoritt og tykkjer den er godt brukandes. 

mandag 2. januar 2012

Gje meg handa di, ven


Her om dagen høyrte eg på radio, gode P1, som vanleg når eg køyrer bil. Så kom denne songen opp. Har høyrt han før, men denne gongen nådde det hjarta mitt, med nydeleg melodi og flott tekst. Kanskje det var Kurt som måtte til. 


Tekst: Sondre Bratland / Melodi: Irsk folketone, frå 1600-talet


Gje meg handa di, ven,
når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand
Lat dei ljose og venlege tankar,
fylgja med inn i draumars land
Lat varmen frå ein som er glad i deg,
tenne stjerner i mørkaste natt
Gje meg handa di, ven,
når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand

Varme tankar og hender som trøystar
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
gjev langt meire enn store ord!
Lat varmen frå ein som er glad i deg
tenne stjerner i mørkaste natt!
Gje meg handa di, ven, når det kveldar,
det blir mørkt og me treng ei hand.


Du kan høyre songen her: http://youtu.be/bPtVeIbAbs4


onsdag 7. desember 2011

Fiskemiddag

Etter omlag tre månader utan innlegg var det på tide. Bloggen er visst i ferd med å bli oppdatert når eg er sjuk og må ver heime og sitte i sofaen og bli frisk. Denne gongen var det også litt utfordrande ettersom eg hadde gløymt innloggingsdataene, som passordet til bloggen! Vel, ikkje så lett når ein hackar kjem og tek e-postadressa mi og eg ikkje har sjangs til å gjer noko anna enn å berre la det gå. Då vert eg ein smule stressa...


Uansett, denne gongen hadde eg tenkt å fortelje om skjønne Marte-Lise og meg sin gode idè denne hausten, nemleg fiskemiddagar. Me er begge single, og då er det begrensa kor mange middagar me får laga av den litt kjekkare sorten, som festmåltid og gourmetmat, og i tillegg der begge faktisk er innstilt på fisk. Samstundes som at det då er lettare å lage til noko anna enn den tradisjonelle torskefilet-middagen med mais og ris.


Vel, godt det og, men når eg skal lage mat til bare meg sjøl, kjem eg ikkje på å kjøpe kveite og lage til middag med mandelpotetstappe med rista mandlar i skiver og smørsaus med kvitvin. Heldigvis fann eg på at eg skulle gjer dette på ein sundag, så eg hadde jo plenty av tid.


Og så har me det sånn at den som kjem over, har med dessert. Martis sin dessertmeny denne dagen var vaniljekesam og yougurt med pasjonsfrukt- og bærsymfoni. Deiligt!


Og Erik då, den sniken, har fått meg til å innstallere "Find my friends" på mobilen, så han såg at eg var heime og spurte om å få kome på besøk og drikke kaffi. Jo, triveleg det! Og så tok me to slag Carcassonne, og du så kjekt det var å spele att! Så kjekt at me avtalte spelekveld før jul, og det er lenge sidan for min del.

Takk for ein superduper søndag, gode venner!

torsdag 15. september 2011

Hauststemning

Eg måtte meg ein tur til Sirdal for å finne litt haust. Og dette vil eg dele med deg :)


Ein liten bekk

Ein sopp

Og det var endå fleire soppar. 
Denne hoppa nevøen min på, så eg fekk ikkje så mange bra bilete av den flotte soppen..

Lyngen med den flotte lilla-fargen er eit fint innslag i marka.

fredag 2. september 2011

Sladder, rykter og baksnakking

Så altfor fort går det i rykter og sladder, og det kan fort gå over i baksnakking. Eg kom over følgande artikkel på facebook(!) og har kome attende til den fleire gonger. 

Sjølv tykkjer eg artikkelen er ein fin rettesnor og påminning om det me snakkar om, og det er ein fin måte å tenkje over. Diverre kan eg ikkje sjølv seie at eg er fri for baksnakking, men eg tykkjer det er ein uting når folk lagar usanningar.

Slik stoppe du sladder, rykter og baksnakking

I antikkens Hellas var Sokrates kjent for å sette kunnskap høyt. En dag traff en bekjent den store filosofen og sa: «Vet du hva jeg nettopp hørte om din venn?"

"Vent litt," svarte Sokrates. "Før du forteller meg noe,  ønsker jeg  at at du lar det passere gjennom en liten test. Den kalles trippel filter test." 

"Tripel filter?" 

"Det stemmer," fortsatte Sokrates. "Før du forteller meg noe om min venn, kan det være en god idé å ta et øyeblikk og filtrere det du skal si. Det er derfor jeg kaller det trippel filter test. Det første filteret er sannhet. Har du forsikret deg om at det du skal fortelle meg er sant? " 
"Nei," sa mannen, "faktisk har jeg bare hørt om det." 
"Greit," sa Sokrates. "Så du vet egentlig ikke om det er sant eller ikke. La oss nå prøve det andre filteret, filteret om godhet. Er det du er i ferd med å fortelle meg om min venn noe bra? " 
"Nei, tvert imot ..." 
"Så," fortsatte Sokrates, " " du vil fortelle meg noe dårlig om ham, og du er ikke sikker på at det er sant. Du kan fremdeles bestå prøven, fordi det er ett filter igjen: filteret om nytten. Er det du vil fortelle meg om min venn til noen nytte for meg? " 
"Nei egentlig ikke ...??" 
"Vel," konkluderte Sokrates, "hvis det du vil fortelle meg hverken er sant eller godt eller enda til nyttig, hvorfor fortelle meg det  i det hele tatt?" 

(gjengitt etter Harald Johnsen)

mandag 8. august 2011

Den gode kone

Dette kom jeg over i dag, og dette er noe å leve opp til! 
..selv om en ikke er kone til noen mann..

Den gode kone – hvem finner henne?
        Mer enn perler er hun verd.
Mannen har full tillit til henne,
        og det skorter ikke på vinning.
Hun gjør bare godt imot ham,
        aldri noe vondt, så lenge hun lever.
Hun sørger både for ull og lin,
        hennes hender arbeider med liv og lyst.
Hun er som en kjøpmanns skip,
        langt bortefra henter hun mat.
Før dagen gryr er hun oppe,
        gir husfolket mat
        og setter jentene i arbeid.
Vil hun ha en åker, får hun tak i den;
        hun planter en vingård for det hun har tjent.
Styrke er beltet hun har om livet,
        hun legger kraft i armene.
Hun merker at hennes arbeid lykkes,
        hennes lampe slokner ikke om natten.
Hun legger hendene på rokken,
        og fingrene griper om teinen.
Hun åpner hånden for dem som lider nød,
        rekker armene ut til fattigfolk.
Kommer det snø, er hun ikke redd for huset,
        for hele hennes hus er dobbelt kledd.
Tepper lager hun selv,
        hun har klær av lin og purpurfarget ull.
Hennes mann er kjent der folket samles,
        han sitter sammen med landets eldste.
Hun lager skjorter som hun selger,
        og leverer belter til kjøpmannen.
Kraft og verdighet er hennes drakt,
        og hun ler mot kommende dager.
Hun taler klokt når hun åpner munnen,
        og vennlig rettledning har hun på tungen.
Hun ser etter hvordan det går i huset,
        og spiser ikke brød hun har vunnet i latskap.
Hennes sønner står fram og priser henne lykkelig,
        og mannen gir henne ros:
«Det finnes mange dyktige kvinner,
        men du overgår dem alle.»
Ynde svikter, og skjønnhet forgår;
        en kvinne som frykter Herren, skal prises.
La henne nyte frukten av sitt arbeid;
        der menneskene møtes,
        får hun ros for sine gjerninger.

Salomos ordspråk 31, 10-31, hentet fra bibel.no


Bildet er tatt ved Lindesnes fyr, mot vest, 30.7.11