onsdag 2. juni 2010

Sjuke.. :/

Før syns eg eg nesten aldri var sjuk. Det var svært sjeldent det skjedde, iallfall såpass at eg ikkje gjekk på skulen eller på arbeid. Men i det siste, og særleg etter jul, har eg vore vekke frå arbeid sikkert 4-5 dagar, noko som er mykje for meg. Og idag har eg heller ikkje vore på arbeid. Eg er ikkje så sjuk at eg er sengeliggjande heile dagen, men dårleg nok til å konsentrera meg på arbeid, og den er kjip.

Og eg skjøner ikkje korleis eg skal verta frisk. For når eg hostar, får eg vondt i halsen og hovudet. Då hjelp det lite med halsdrops. Hostesaftflaska er snart drukken opp (slapp av, ho var nesten tom då eg tok fyrste skei i går kveld), og Ibus og paracet tek eg sånn eg kan i følge pakkeanvisninga. Og i tillegg er eg litt forkjøla, altså tett i toppen, og det gjer ikkje ting betre. Middagen eg hadde igår med kvitlauk og chili ser ikkje ut til å ha gjort den største susen. Skulle gjerne hatt eit par koppar kaffi, men for meg funkar ikkje det i lag med ibux og paracet så godt. Dårleg sirkel, spør du meg... Vel, det går i scrapping, TV, nett-surfing, soving, osv. For augenblinken er det Friends som går på TV2, så eg får kosa meg ein liten halvtime! Håpar eg ikkje smittar nokon, forresten... :P