onsdag 28. oktober 2009

Kor ska dettan enda?

Eg nevne: 

- Børsen hadde en nergang i dag.
- Rentå opp.
(for ikkje-økonoma: NEI, ikkje kom m den at alt e greit når d eina går opp og d andra ner..)

- Grisasjugå.
- Oppseiinga, permisjona, nerleggelsa -> generelt dårlige tie i nogen bransja i næringslive.
- Narkosag i Egersund (kan sei d e som nabolage..)
- Klimaspåing om tørke om nogen tiår.
- Mørkare kvella...

Og mye mær så ser dårligt ut. Trykkane, på randen t depresjon?

Jaja. Mine store plana for nærmaste framti e høstferi, og eg tenke meg t topps i Eiffeltårne endå ein gong i helgå :o) Herligt å sjå fram t nogen lys au i kverdagen!!


søndag 25. oktober 2009

Pakker



Årets tiltakspakke frå regjeringen består mellom anna at næringslivet får utbetalt skatteverdien av underskotet i 2008 og 2009 mot overskotet dei to foregåande åra. Enkelt sagt vil det sei at dersom eit selskap (AS etc) har underskot pr 31.12.08 (og/eller 31.12.09), kan selskapet få attende deler av skatten frå 2007 eller 2006 dersom selskapet då hadde overskot.

I Kuwait, ein oljenasjon i sørvest Asia, får alle statsborgarar ettergitt gjelda på statens rekning, sjå artikkel i E24. Kan sjølvsagt diskutere om dette er noko lurt, for dette vil jo berre auke forbruket hjå dei dette gjeld, og statsborgarane vil ha vanskeleg for å lære seg å tilpasse seg økonomien elles. Men likevel - det må jo berre kome noko godt utav dette og, og etter min oppfatning vil sjølvsagt næringslivet òg merke dette. For dei som har lese makroøkonomi, er det nettopp dette makroøkonomi handlar om.




Så - er ikkje Noreg òg ein oljenasjon!?? Hadde passa fint for meg!

Haust i hagen

 



Turen til Storafjellet i dag vart avlyst pga enorme vind. Det var kaldt nok å gå ned i hagen på Vikeså..

Florida på tur kanskje...

Helge e så utruli fine. Han sa t meg om ein ting han fant i bilen, på klingande Grimstad-dialekt: "Denne æ fra Florida. Dé ær et land i Aafrika."

Herligt m dei skjønne guttane i femårsaldaren! :o)

lørdag 24. oktober 2009

Begravelse

I dag va eg i begravelse t ein tiliare kollega. Eg kan ikkje akkurat sei at eg like sånt - syns d e så følelseslada, og for meg som sippe for ingenting e d gjerna litt slitsomt.. Uansett e begravelse ein gode måte å minnas den døde på, tenka på dei som sto an nær som familie og venna, og som nå ikkje lengar he ein nær blant seg.

Mannen he eg allti visst ken he vore ettesom han va lam i beinan, og følgeli satt i rullestol. Og mens eg satt der i kjerkå, som forøvrig va stappfull, va der ein som sa: Livet va ikkje ødelagt sjøl om han va ødelagt frå livet.

Døden kan koma brått på ken som helst. I kverdagen e sånt ofte vanskelig å komma på syns nå eg. Derfor e d så viktig at me teke vare på dei glade øyeblikkå så me he, og ikkje lar okke ødeleggast fordi live ikkje e heilt perfekt på alle andre måta...

tirsdag 20. oktober 2009

Birgitte på hell..




 









Akkurat no er me omtrent midtvegs i fagkonferansen vår på Hell utanfor Trondheim. Fint hotell! Men eg bur i ein gamal del av hotellet, så det er ikkje så luksus som bileta viser..

Det er jammen hardt å stå opp klokka 5 om morgonen! Eg beundrer alle bønder som har eit slikt liv. Fekk med meg ganske lite igår av fagleg stoff, sjølvsagt fordi eg drøymte om å liggje i senga (og senga på hotellet er bra!). Eg vakna til mot kvelden, då.. :-/

No er det snart ein liten tur i bassenget, ein liten kvil og så er det endå meir festleghetar i kveld! Og med den festglade festgjengen eg arbeidar med er det alltid festleg...!

søndag 18. oktober 2009

Madonna-gåten


Då har eg lese gjennom boka Madonna-gåten av Nærum m.fl. for andre gong. Fantastisk bok! Forfattarane må ha hatt det morsomt då dei skreiv boka. Og ho er så ironisk at sjølv eg oppfattar det som ironi og tull...

For dei som ikkje veit kva boka går ut på, er det ein parodi på Da Vinci-koden. Berre at Madonna-gåten har handling som føregår i Oslo, Berlin og Trondheim. Bokas hovudperson er Renate, og det er ho det handlar om (jaja, eller me treng vel ikkje ta detaljane så nøye her og no). Ho har mista broren, foreldra og bestemor i ei gardintrappulukke, og det er nettopp foranledningen til dette som er den "raude tråden" i boka. Det er få bøker eg har ledd så mykje med, som denne! Sitat kjem frå vilden sky, og eg mange høyrer eigentleg ikkje til i det heile. Men det er nettopp desse detaljane som gjer boka til det ho er. Nokon av sitata:

Frå side 142:
"Stopp en hal", ropte Renate
"En hal?" gjentok Lamsen.
"Heter det ikke en halv?" undret banksjefen.
"Nei, det er en hal."
Banksjefen gren på nesen. "Hva er en hal?"
"Det er et maritimt uttrykk, direkte oversatt fra det engelske stop and haul, altså slutt å dra."
Det var Lamsens tur til å være imponert.

Frå side 279: Lamsen fortel at han ikkje har vore lenger nord enn Grorud i Oslo.
Renate trodde ikke sine egne ører. "Mener du at du ikke har vært på Gjøvik?"
"Nei, men søskenbarnet mitt har vært der."
"Mener du virkelig at du aldri har kjørt i 110 oppover Gudbransdalen?"


Har du ikkje lese boka, og kunne deg ei morosam bok, anbefalar eg denne!

torsdag 15. oktober 2009

Og me feire.. :o)

I kveld he eg bakt kaka. Sjølsagt gulerotkaka. Einaste kaka eg kan, egentlig. Men folk seie di lige an, så då trur eg på d..

Dennan ska eg ha m på jobb imårå. Foranledningen e følgande:
- Me he fått nye medarbeidar, Stian
- Anders he blitt far
- Me he vore på kurs i vekå og lært MYE
- Eg og nogen t ska få nye PC imårå! Me snakke fortsatt om jobben min, ja.
- Neste veka reise me på hotellferie (elle et aent ord som e meir dekkande e Fagkonferanse) i Trondheim nogen dage.

..men mest fordi d e eg som he kjøkkentjenesten dennan vegå. Eg he bare ikkje tålmodighet t å steika vafla, sånn tradisjonen e på fredagen. For me feire d e helg!