lørdag 30. januar 2010

MonaElin og Birgitte-pizza


Ettersom bloggen blir så lite oppdaterte, så får eg slenge inn oppskrifta på pizza som vart fortært i kveld.
Deig:
Olja
Mjøl, fint og grovt
Gjær
litt sukker
litt salt
Lunka vann/mjølk (ca 2-3 dl)
Fyll:
3 kyllingfileter i Thai- og karrypaste, la det ligge ca ein halv time.
Eit par ss peanøttsaus
Provence-krydder
Peppermix
1 vårløk
1 chili
1 bx ananas
Cherrytomater
Cashewnøtter
Ost til topping
Steik kyllingen. Når deigen er etterheva, smøres peanøttsausen utover. Det andre has på lagvis. Steik i ognen på 225 grade t pizzaen e ferdie. 
 Salatblader (ruccola og co), med litt lime-dråpar, ved servering. PS! Pizzaen kan ver litt sterk for nokon ganar..... Då kan d ver greit m litt rømme ved siden. 

Bonn appetitt.

lørdag 16. januar 2010

10-ar ostekake

I dag skulle eg bake ostekake. Det plar vere ei kake med litt dyre ingrediensar, i motsetning til min favoritt gulerotkake, som jo eigentleg er ei superbillig kake!

Joker er omtrent nærmaste nabo heime på Vikeså. Eg var heldig då eg handla idag:
Bixit-kjeks, Ukens 10-er
Gjende-kjeks, Ukens 10-er
Smør (det var det visst nok av i kjøleskåpet) ;)

Fløyte
Rømme
Sitrongele, Ukens 10-er
Naturell kremost, Ukens 10-er


Vips - så vart ostekaka prega av mange 10-kroningar :)

onsdag 13. januar 2010

Aaaaaiaiaia

Eg har alltid lurt på kvifor eg har så enormt mange kontaktar på mobilen med forbokstaven A. Og i dag trur eg eg fekk svaret. Det er nemleg mange smarte foreldre som gjev ungane sine namn med forbokstaven A. Mine foreldre er òg smarte, altså, dei gav syster mi namnet Anna Elisabeth.

Det var nemleg då eg høyrte på P4 ein sak om forbokstaven i namnet og levealdar. Og dei som hadde forbokstaven A, levde lengst. Årsaken var det amerikanske karaktersystemet som går frå A til D. Sjølvsagt var det i Amerika, er vel lite anna å forske på der - kanskje det er eit resultat av finanskrisa? Uansett, den som heitte Anna ville verta nesten 10 år eldre enn den som heitte Dorith, fordi Anna tenker at ho er god, medan Dorith er nær ved å stryke.

P4-programleiarane "oversatte" studiet til norske forhold, og her var det S som var den beste bokstaven, og L den dårlegaste. Som nokon kanskje hugser, hadde Noreg eit karaktersystem som gjekk frå S som det beste ("særs godt"), til LG som det dårlegaste ("lite godt"). Også her var foreldra mine smarte, ho eldste syster mi heiter Svanhild.

Og for å unngå kluss med like initialar på resten av syskena fekk eg eit namn på B. Eg har ein bror som heiter Kåre, ehm.... men han er jo noko for seg sjølv, så han trengte dei ikkje karaktersystemet ved namnsetjing. Han kårer jo så godt likevel.




Vil du lese artikkelen frå dinside.no, finn du den her: http://www.dinside.no/832559/alex-og-anita-lever-lengst

onsdag 6. januar 2010

Scrapping med Janne

Å scrappa med Janne er utruleg morosamt. Og litt nervepirrande. For Janne har gjerne framkalt 3 nesten heilt like bilete av ymse motiv, og dette må me le av.

Og når Janne har gjort det på ein del av bileta, og det tek tid å le, får ikkje eg gjort så mykje... Sånn, to-tre sider?? Snakk om effektivitet, ja!

Janne limer inn bilete frå då ho var i Israel med BiG. Og her i øskja ligg det mykje stasj. Som for eksempel 28 prospektkort av plasser ho allereie har teke bilete og framkalla av. Då ho endeleg trudde at ho hadde limt inn alle bileta, fann ho endå fleire bilete i øskja. Meir festleg jente skal du leita lenge etter!

I tillegg fann ho eit par kart over Israel. Nesten heilt ubrukte, og dermed også veldig fine. Dei kjem godt med når ho og Gjermund skal på køyretur i Israel. Eg er såpass heldig at eg skal få vere med! Som økonom på turen, for det trengte dei sa ho. Eg gleder meg!

Gjermund - takk for at eg får låna jentå di ein herlige tirsdag, ke sko eg gjort uten henna????

Eg berre seier, har du det keisamt, så ring til Janne, ho ordnar opp! Glad i deg, snuppa!!!!

søndag 3. januar 2010

Oisann, plutseligt va moroå øve...



Då va visst juleferien øve. Plutseligt. He vore deiligt m fri nogen dage, og kunne godt hatt nogen dage t. He hatt d utruli travelt, og fatte ikkje kor dagane he blitt av hen. He gått litt på ski ner på vollen utfor huse heima, og d he vore digg :)

Ellers he denne julen vore den julen m mest fysisk vondt, m diverse skrubbsår, blåmerke og hål itte knall og fall. For ein måned si blogga eg legeskrekk. D he heldigvis avtatt nå, for i løpet av ein måned he eg vore 6 gonge hos lege. Tidligare va eg der kanskje 6 gonge i løpet av tiåret... Slå den!

Imårå begynne årsoppgjøre på jobb, og sånn holde d gåande t juni. Der e når der e mye å gjer at eg syns d e kjekt. Ulempen m å ver revisor e at halva åre fyge agåre uten at du heilt vett kor d vart av hen.... Jaja. Shit happens.