tirsdag 3. mai 2011

Kylling i form med grøne saker

Nei, for tiå syns eg eg he et nokså kjedeligt liv. Off, fælt å sei det, men sånn e livet. Så då kjøpte eg ei bok, nemlig "Bli frisk med lavkarbo". Ikkje det at eg var sjuk, men det var liksom den boka med mest interessante oppskrifter. Men så er det jo sånn at også her er det oppskrifter med 1 ts av all slags som eg ikkje har. Klart eg kan kjøpe det, men det fyller så fort opp i skaper og skuffer..  Jaja. Eg tykkjer det enkle oftast er det beste. Som middagen i dag i ei ildfast form: 

-Ein kyllingfilet og med litt olje (kaldpressa, ja!), samt litt krydder som pepper og herbal-urter. 
-Oppskore litt chili, kvitløk, rødløk, gulerot og paprika, og hell over matfløte og ca to ss creme fraiche, og blanda litt med litt krydder. 
-Toppings med fetaost og tørka tomater. 
Omnen på ca 200 grader til gulerøtene er ca OK.  

Nokon vil nok påstå at eg har jo gløymt jordeplene! Nei å nei, koss kan dette gå?
Jo, dette går, vil eg påstå sjøl om eg ikkje he testa d ut ennå. Men jordeple inneholde så mye karbohydrata i følge den nye boka mi, at den utelar eg denne gongen. Spare heller d t fløtegrattisa og sånt. Trur snart middagen er ferdig, så verte d spennande å smaka koss dette smake :)

tirsdag 19. april 2011

Påskeegg

For ei god stund sidan spurte sekretærdama på jobb om eg skulle vere med på påskepyntkurs. Der skulle ein mellom anna få læra å laga påskeegg. Eg var skeptisk. Men då eg såg bilete på nettsidene, bestemte eg meg for å vere med. Der laga me påskeegg omlag som dette: 

 

Eg har aldri vore begeistra for påskeegg med høner og harer og alle slags fargar. Men denne var grei. Etterkvart fekk eg fleire nye idéar, også etter at Brit sekretærdame pynta opp på jobben med egg. 

Så ein dag kom eg på noko lurt. Trur eg iallfall. Og resultatet vart dette: 




Denne sprø dama var med meg. Ho lagar blomar med perle. Slikt har ikkje eg tolmod til, så eg nøyer meg med papirblomar og slikt. Går litt fortare óg :)

Dersom du og har lyst til å lage slikt, kan du gjer fylgjande:
  1.  Kjøp eit påskeegg, anten på REMA1000 eller Nille eller noko slikt. Helst så stygt som mogleg, då kan det jo berre verta finare. 
  2. Mal eit strok (akrylmaling) på utsidene, og gjerne eit strok på innsidene også. Men pass på at du ikkje malar slik at det vil verta vanskeleg å setje på og ta av lokket. La tørke.
  3. Ha på lim (hobbylim el) og ha på silkepapir i omlag same farge som malingen, på utsidene av egget (dette kan nok sløyfast, men det har ikkje eg testa ut)
  4. Mal eitt strok til når silkepapiret (evt forrige maling) har tørka. La tørka. 
  5. Spray gjerne på med spraylakk. Og tørk.

  6. Det er no det kjekke startar!
      Pynt med blomar, bånd, hemp, sommarfuglar, eggeskal, gåsungar, bokstavar (til den som skal få det, eller din eigen), perler, fjører, ... Eg har brukt limpistol her og er svært nøgd med det.
     
  7. Det aller kjekkaste er å fylle det med SNOP! Og gi vekk :) Cellofan er fint å bruke for å "pakke" det inn inni egget, slik at det som ligg inni ikkje fell ut ;)
God påske! 

    onsdag 2. februar 2011

    Minien på Bavaria-sjukehus

    I omlag ein månad har det lyst mot meg at bilen ynskjer ein oljeservice-kontroll. I tillegg hadde eg ikkje meir olje att i flaska baki bilen, og det er ein som vert litt irritert om eg ikkje har det i bilen når oljen vert sjekka. Men når då det også hyler kvar gong bremsene vert brukt, tenkte eg at det kanskje var på tide å gjere noko med spetakkelet.



    Som tenkt, så gjort. Så eg reiste til Bavaria for å bestille time til oljeskift, og kjøpte ei flaske olje. Som kosta 295,- for ein liter. Og med det same fortalte eg om hyla, og ba dei setje opp tid til å fikse det også. Men mekanikaren som var meg og skulle finne ut kva problemet var, ville ikkje sende meg heim att med bilen. Kall det kva du vil, men eg håpar han gjorde det av omsorg. Ikkje overraskande var taxisjåføren av det morosame slaget: "Do ikke må levere bilen til Bavaria, do spara masse penga på en annan verksted" sa taxi-sjåføren. Neitakk, eg vil ha det på plass snarast og med dei rette delene, av dei som kan fiksa min bil.

    Men dette var måndag. Og i dag er det onsdag. Kanskje eg får han att i morgon... Mekanikaren ringte meg igår, og det ville koste meg omlag 10 000,-. Ups, der fauk den overtidsjobbinga mi dei siste dagane. Skulle gjerne sett at staten dekka slike utgifter. Kva om alternativet er at eg ikkje får bremsa på motorvegen? Til gjengjeld MÅ eg gå til jobb, uansett vær. Det at eg skulle gå til jobb ein dag i veka har sklidd litt ut, kan ein sei. Men du så keisamt det er å gå åleine, og kven kan eg liksom ringa til klokka 8 på morgonen og drøsa med?

    Nei, gleder meg til å få att min kjære bil etter eit opphald på Bavaria :)

    fredag 31. desember 2010

    Årets gode gjerning!

    Idag har eg endeleg fått tid til å rydda i dei to koffertane på rommet mitt som var fyllt med klede. Kleda er samla frå to-tre skåp/kommoder, og var ein fin blanding av kvardagsklede, kvardagsklede og litt anna. I klesvegen er eg ganske så nøytral, så kleda mine er nokså keisame. Og dei som stakk ut, er litt spesielle, og heller gått ut på datoen for min del. Men torsdag i romjula 2010 var altså den store dagen, då eg skulle rydde i denne haugen.

    Ettersom eg tykkjer det er fint å ha eit lite lager med klede heime på Vikeså, valgte eg å behalde eit par plagg i kommoden på rommet. Men det aller meste gjekk til Fretex. Nesten to sekker vart det. Og då gjekk eg samstundes gjennom kjoleskåpet og ein del av skoa mine.

    Men så kom eg til denne her.. Ikkje kan eg gi han til Fretex, og ikkje kan eg godt bruke den som ei t-skjorte om sommaren. Så den fer vel i søppelet :)

    Faktisk var det ganske greit å få renska opp i dette. Det har jo rett og slett berre teke opp plass! Og så kan nokon kjøpa kleda mine i ein av Fretex-butikkane, og så har me gang på økonomien! :)

    tirsdag 7. desember 2010

    Julestemning i heimen

    Eg er så heldig at eg har fått ein julekalender i år! Av tanteungane mine :) 


    Julekalenderen min og adventslysa 2010

    Eg måtte ha dei små pakkane i ei skål. Så det vart ein del av juledekorasjonen min på stovebordet. Må innrømme at eg ikkje er så veldig kreativ, så det vart litt enkelt i år (også).

    Kan hende ungane har fått litt hjelp av sine snille mødre.. Sjølv for den beste seksåringen kan det verta litt vanskeleg å få pakka inn små pakkar, for ikkje å snakka om eitt-åringane. Men, innhaldet, det har til no vore litt scrappeting (gleder meg til å bruke alt scrappeutstyret saman med svigerinne Eva), teikningar og nabbyperlepynt, og ikkje minst dei små lappane frå Helge med ulike, herlege beskjeder som "Du er en reser på sykkel", og "du er snill"... Å, sånt smeltar tante sitt hjarte! Dette har eg hengt opp over senga.


    Kva er vel betre enn å vakna til små, opmuntrande helsingar?


    Den første lappen frå Helge sat eg på stranda i Tenerife og las... Kan trygt sei at eg lo av hjerta då!

    "Sidan sist" har eg vore på kreativitetskurs på ein låve på Madla. Der fekk me mykje inspirasjon i samband med pynting til jul, både borddekking og til å lage stemning elles i huset, og for å lage hjerta av bjørkegreiner. Mitt hjerta har eg hengt på døra. Litt voldsomt kanskje, men så er det jo berre ein gong i året me pyntar på døra :)


    Døra pynta til jul 
    Og kva er vel meir naturleg å høyre på julemusikk? Etter ei veke med jamnt over 20 grade i regn og sol på Tenerife, byrjer snart julestemningen å nå meg også :)

    lørdag 6. november 2010

    Gullkorn frå store og små barnemunn

    Av og til er det nokon fantastiske (og mindre fantastiske) gullkorn som kjem frå både små og store. Ikkje alt får eg skreve ned, men eit par...

    -Kunnskap er det som er igjen etter at du har glemt alt annet

    -Ein kaffitraktar e stort ikkje meir avansert enn et grisaforingssystem (om automatisk kaffitrakting i privathus)

    Samtale med mor og datter, Thea 1,5 mndr:
    -Thea, kan du seia eple?
    -Æble
    -Flott, kan Thea seia banan?
    -Nam nam
    -Kan Thea seia kaka?
    -Name nam
    -Is?
    -Name name nam

    -Blir det mer spennende nå blilr det høyspent! (Torsdagskveld fra Nydalen)

    -Då e me trillinga med mannabein! (tri jente som har funnet ut at ingen har barbert leggane)

    -Me lage te et månedlig magasin, som bare komme ut ein gong!

    -det e subagadå....for der dreiv folk å subde
    -kan du forklara subde?
    -di sadd på lefsebagerie å åd blomkålsuba i gamledage

    -You have a duty to smile :)

    torsdag 4. november 2010

    Suldal Billag - Me kjøre' buss

    Som nogen vett, e eg oppvaksen mellom bussar og lastebilar og mekkeolja og sånt, og komme nok ikkje øve d nogen gong. Så kom eg øve denne videoen som Suldal Billag he laga. Enorme assosiasjona t bilselskape, ja! Å, d va tie, egentlig på myrå...