onsdag 7. desember 2011

Fiskemiddag

Etter omlag tre månader utan innlegg var det på tide. Bloggen er visst i ferd med å bli oppdatert når eg er sjuk og må ver heime og sitte i sofaen og bli frisk. Denne gongen var det også litt utfordrande ettersom eg hadde gløymt innloggingsdataene, som passordet til bloggen! Vel, ikkje så lett når ein hackar kjem og tek e-postadressa mi og eg ikkje har sjangs til å gjer noko anna enn å berre la det gå. Då vert eg ein smule stressa...


Uansett, denne gongen hadde eg tenkt å fortelje om skjønne Marte-Lise og meg sin gode idè denne hausten, nemleg fiskemiddagar. Me er begge single, og då er det begrensa kor mange middagar me får laga av den litt kjekkare sorten, som festmåltid og gourmetmat, og i tillegg der begge faktisk er innstilt på fisk. Samstundes som at det då er lettare å lage til noko anna enn den tradisjonelle torskefilet-middagen med mais og ris.


Vel, godt det og, men når eg skal lage mat til bare meg sjøl, kjem eg ikkje på å kjøpe kveite og lage til middag med mandelpotetstappe med rista mandlar i skiver og smørsaus med kvitvin. Heldigvis fann eg på at eg skulle gjer dette på ein sundag, så eg hadde jo plenty av tid.


Og så har me det sånn at den som kjem over, har med dessert. Martis sin dessertmeny denne dagen var vaniljekesam og yougurt med pasjonsfrukt- og bærsymfoni. Deiligt!


Og Erik då, den sniken, har fått meg til å innstallere "Find my friends" på mobilen, så han såg at eg var heime og spurte om å få kome på besøk og drikke kaffi. Jo, triveleg det! Og så tok me to slag Carcassonne, og du så kjekt det var å spele att! Så kjekt at me avtalte spelekveld før jul, og det er lenge sidan for min del.

Takk for ein superduper søndag, gode venner!

2 kommentarer: