søndag 26. februar 2012

Oreo-dessert

Oreo-kaka er ei fantastisk kake. Dryg, mektig og god. Eg har vel laga den kaka omtrent go gonger og funnet ut at dette er ikkje ei kake for meg å lage då det krevst mange boller og visper og ikkje minst omganger. 
Difor fann eg ein gong ut at ein enklare variant av Oreo-kake var tingen for meg. Dette er ei blanding av noko eg har smakt før og noko eg fann på verdensveven, så det er nok ikkje noko eg kan skryte på meg å ha kome på sjøl.. Har du lyst å prøve deg på ein enklare variant av Oreo-kaka, kan du jo prøve deg på denne. 


Dette treng du, nok til ca 4 personer: 
-1 pk Oreo-kjeks (ein "rull")
-1 pk Freia sjokolademousse (evt med daim) og med tilhøyrande mjølk og fløyte
-1/2 pk kremost naturell - romtererert
-litt melis, kanskje 1,5-2 dl
-1 ts vaniljesukker


PS: Bileta viser desserten med dobbel oppskrift! Skåla er 24 cm (Rosendahl)


1. Ta ca 2/3 av Oreo-kjeksen og del i to, og legg dette i bunnen av skåla og litt oppetter kanten.
2. Lag sjokolademoussen etter anvisning på pakken, fyldig type. Ha denne oppå kjeksen i skåla og sett skåla kaldt. 


3. Ta resten av Oreo-kjeksen og skjer opp i grove bitar. Ha halvparten over sjokolademoussen. 
4. Kremosten, melis og vaniljesukker vispes lett, gjerne med ein gaffel. Ha dette over kjeksen i skåla og fordel "jevnt". Deretter har du på resten av Oreo-kjeksen, og desserten er klar til servering når moussen har blitt stiv. 

Bon appetitt :)

Eg har ikkje prøvd det sjølv, men er sikker på at det fungerer vel så bra å ha det i porsjonsskåler eller noko liknande. Sjokolademoussen kan nok ein også byta ut med akkurat din favoritt, eg har brukt min favoritt og tykkjer den er godt brukandes. 

4 kommentarer:

  1. Lukk øynene. Ta en bit av denne Oreo kaken, og du e i himmelen. Amen!

    SvarSlett
  2. Ser så god og velsmagende ..

    SvarSlett