onsdag 6. januar 2010

Scrapping med Janne

Å scrappa med Janne er utruleg morosamt. Og litt nervepirrande. For Janne har gjerne framkalt 3 nesten heilt like bilete av ymse motiv, og dette må me le av.

Og når Janne har gjort det på ein del av bileta, og det tek tid å le, får ikkje eg gjort så mykje... Sånn, to-tre sider?? Snakk om effektivitet, ja!

Janne limer inn bilete frå då ho var i Israel med BiG. Og her i øskja ligg det mykje stasj. Som for eksempel 28 prospektkort av plasser ho allereie har teke bilete og framkalla av. Då ho endeleg trudde at ho hadde limt inn alle bileta, fann ho endå fleire bilete i øskja. Meir festleg jente skal du leita lenge etter!

I tillegg fann ho eit par kart over Israel. Nesten heilt ubrukte, og dermed også veldig fine. Dei kjem godt med når ho og Gjermund skal på køyretur i Israel. Eg er såpass heldig at eg skal få vere med! Som økonom på turen, for det trengte dei sa ho. Eg gleder meg!

Gjermund - takk for at eg får låna jentå di ein herlige tirsdag, ke sko eg gjort uten henna????

Eg berre seier, har du det keisamt, så ring til Janne, ho ordnar opp! Glad i deg, snuppa!!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar