onsdag 13. januar 2010

Aaaaaiaiaia

Eg har alltid lurt på kvifor eg har så enormt mange kontaktar på mobilen med forbokstaven A. Og i dag trur eg eg fekk svaret. Det er nemleg mange smarte foreldre som gjev ungane sine namn med forbokstaven A. Mine foreldre er òg smarte, altså, dei gav syster mi namnet Anna Elisabeth.

Det var nemleg då eg høyrte på P4 ein sak om forbokstaven i namnet og levealdar. Og dei som hadde forbokstaven A, levde lengst. Årsaken var det amerikanske karaktersystemet som går frå A til D. Sjølvsagt var det i Amerika, er vel lite anna å forske på der - kanskje det er eit resultat av finanskrisa? Uansett, den som heitte Anna ville verta nesten 10 år eldre enn den som heitte Dorith, fordi Anna tenker at ho er god, medan Dorith er nær ved å stryke.

P4-programleiarane "oversatte" studiet til norske forhold, og her var det S som var den beste bokstaven, og L den dårlegaste. Som nokon kanskje hugser, hadde Noreg eit karaktersystem som gjekk frå S som det beste ("særs godt"), til LG som det dårlegaste ("lite godt"). Også her var foreldra mine smarte, ho eldste syster mi heiter Svanhild.

Og for å unngå kluss med like initialar på resten av syskena fekk eg eit namn på B. Eg har ein bror som heiter Kåre, ehm.... men han er jo noko for seg sjølv, så han trengte dei ikkje karaktersystemet ved namnsetjing. Han kårer jo så godt likevel.




Vil du lese artikkelen frå dinside.no, finn du den her: http://www.dinside.no/832559/alex-og-anita-lever-lengst

1 kommentar: