søndag 21. mars 2010

Å spa og spa


Som ganske mange andre helger, vart også denne laurdagskvelden lagt i Bjerkreim. Kos, seier eg. I kveld var eg med ein gjeng på domino-speling, og medan me var der, snakka me om utvikling i Bjerkreim og slikt. Og som kjent er spa gjerne lagt til litt mindre urbane områder. Ta f.eks. Hjelmeland Spa, det ligg jo så avsides at du må ta båt. Nokon meiner nok at det er sjarmerande med båt. Eg, derimot, tykkjer det er konge med båt, men det er noko klatt å ver bunden til båttider når du er på farta. Men det var no ikkje poenget med spa. Då Domino-gjengen snakka om at noko spa-greie ville vore bra for kommunen, var det då ein som ikkje kunne forstå at ein skulle leggje så mykje arbeid i det. Han kunne nemleg spa kvar dag, rett uranfor huset. Leire var der og! Men for meg er no å spa noko anna enn ein spa-behandling... :)

2 kommentarer:

  1. Eg vet i alle fall ka type spa eg vil holde på med!

    SvarSlett
  2. haha, den kommentaren hans va tørr!!!:))

    SvarSlett